Fang og slepp

Onsdag 18.Juni kom Tore Wiers frå Unimiljø opp til oss i Bolstadelva.
Me som skal jobba i elva med forskningfiske i sommar fekk ein god gjennomgang
av korleis me skal håndtere og merke/måle laksen på ein mest skånnsom måte ved fang og slipp.

Me kjem til å gjennomføre forksningfiske i sommar mykje likt som i fjor.
All fisk som er feittfinneklypt blir sjekka med metall skanner for snutemerke, om laksen er snutemerkt blir
den tatt opp på land og avliva. Me tek so skjellprøver og måler lengde, vekt og anna informajasjon som me sender med hovudet
till UniMiljø for vidare analyse.

All fisk som ikkje er snutemerka blir satt ut igjen og me merkar samtlige med FLOY merke som er eit lite plastmerke på høgre sida av ryggfinna.
Våre FLOY merker er lilla og i serien 2001-3000.
No på onsdag fekk me 2 laks på land og mista 3.
Laksane me fekk var ein feittfinneklypt ho laks på 90 cm og ein hannlaks på 103 cm som ikkje var feittfinneklypt.
Begge hadde litt lakselus på seg, men var feite og i god kondisjon.

fisk1
fisk2fisk3fisk5fisk6
Alle foto : Tore Wiers, UniMiljø

Storlaks på veg inn fjorden

Eirik Normann frå Uni Reasearch har fått nokon skikkelig store ruggar av godt gammalt kaliber i kilenota dei siste dagane.

http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/voss/no-er-dei-store-ruggane-her