Fantastisk sesongåpning !

Flott sesongåpning i Bolstadelva i år. 12 laksar blei det første dagen ! Frå 85 til 102 cm. Flott form og kondisjon på alle, herlig !

Fantastic opening day at Bolstadelva ! 12 Salmons so far! From 85 to 102 cm. Great shape and conditions on everybody, Thumbs up for this season.

Bilder
HER !

Fiskekort

Fiskekort for forskningfiske i Bolstadelva kjøper ein på scanatura.no

Første ledige dag er mandag 26.juni

Priser:
Fram til 4.juli 1500 kr pr person.
8.juli - 16.juli 1100 kr pr. person.
17.juli - 29.juli 900 kr pr. person.
31.juli - 18.august 600 kr pr. person.
19.august - 31.august 400 kr pr. person.

Praktisk gjennomføring

Sidan dette er eit FORSKNINGSFISKE og IKKJE EIT ORDINÆRT FISKE, så er det nokon spesielle retningslinjer. Alle som har kjøpt fiskekort for den aktuelle dagen møter ved Oddsbu klokka 08:30 for informasjon om fiske og fiskeplasser.
Her vert det mogeleg å få lånt knutelause håvar om ein ikkje har dette.

1. Det vert sett krav om at det må vere 2 personar pr. høl. Begge kan fiske med kvar si stong. Det er 6 soner.
2. Kun snutemerka laks skal avlivast.
3. Mothakar på treble-krok og dobbelkrok skal vera fjerna (innknept).
4. Ved fangst skal det nyttast knutelause håvar.
5. Flue, sluk og ulike typar dorgereiskaper kan brukast (maksimum ein treble-krok).
6. Fiske blir inndelt i økter frå kl.09:00 – 14:00 og kl. 17:00-22:00. Det blir rullering nedover kvar 2,5 time. Det blir da 1 rullering per økt.
7. Alle som skal fiske må ha betalt fisketrygdavgift.