Forskningsfiske 2014

Forskningsfiske sommaren 2014

Frå 01.Juli til 31.August i sommar blir det forskningsfiske i Bolstadelva. Formålet er uttak av snutemerka laks.

Kortsal
Bolstadelva AS opnar sitt sal av fiskekort til forskningfiske forhåpentlegvis i veke 15. Meir info om dette kjem.
Det vil vere mulig å kjøpe eit tilrettelagt fiske for 7 personar med overnatting, mat og guidar for 4 eller 5 dagar.
Det vil også vere nokon periodar med 3 dagars fiske for 7 personar med sjølvhushald utan guide.
Dagskort for 2 personar eller 1 person pluss guide kan ein også kjøpe.

Sidan dette er eit FORSKNINGSFISKE og IKKJE EIT ORDINÆRT FISKE, så er det nokon spesielle retningslinjer.
1. Det vert sett krav om at det må vere 2 personar pr. høl. Begge kan fiske med kvar si stang.
2. Kun snutemerka laks skal avlivast.
3. Mothakar på treble-krok og dobbelkrok skal vera fjerna (innknept).
4. Ved fangst skal det nyttast knutelause håvar.
5. Flue, sluk og ulike typar dorgereiskaper kan brukast (maksimum ein treble-krok).
6. Fiske blir inndelt i økter frå kl.09:00 – 14:00 og kl. 17:00-22:00.
7. Alle som skal fiske må ha betalt fisketrygdavgift.

Oppsyn og fangstrapportering
Grunneigarlaget vil i heile fiskeperioden ha 1-2 personar i elva som vil ha ansvar for scanning av snutemerka laks. Desse personane vil og ha ansvar for å føre fangstrapport og ta vare på merker og skjell prøver. Det vil bli utlevert skriftleg informasjon omkring rutinane for dette til alle som skal fiske. Grunneigarlaget vil utanom fisketidene / fiskeperioden gjennomføre oppsyn langs elva og vise bort personar utan gyldig fiskekort.

Overnatting
Det vert mogleg å bestille overnatting i fiskarhytta Oddsbu på Bolstadøyri.