"Redningsaksjonen for Vossolaksen"

http://www.xn--miljdirektoratet-oxb.no/old/dirnat/attachment/3072/DN-utredning-1-2013_nett.pdf

Verdas største laks

Større atlanterhavslaks enn i Vossostamma skal visst ikkje finast i heile, vide verda. Snittstorleiken varierer rett nok frå sesong til sesong, men i mange år har den landa fisken hatt ei gjennomsnittsvekt på over 10 kilo. Ruggar på kring 30 kilo har vore tekne i elva, men ein må like tilbake til 1940-åra sidan sist laks av slik storleik vart fiska.
Vassdraget har tre hovudgreiner ovanfor Vangsvatnet: Strandaelvi, Raundalselvi og Bordalselvi. Desse elvane vart varig verna mot kraftutbygging i 1986. Vangsvatnet og elvestrekninga nedstraums inngår ikkje i vernet. Laksen kjem seg opp Vosso på naturleg vis til Voss klekkeri i Strandaelvi og til Palmafossen i Raundalselvi. Ved Palmafossen vart det bygt ei laksetrapp i 1950-åra, men enno manglar prov på at laksen har kome forbi henne.
Vosso renn gjennom rike jordbruksbygder, somme stader óg over næringsrike bergartar. Likevel har vassdraget merka effektane av forsuring, rett nok ikkje i så høg grad som mange andre elvar. Av omsyn til laksestamma har det sidan 1994 vore tilført kalk ved kraftstasjonen ved Evanger.

Kvifor er den opphavlege laksen i Vosso så stor? At han kjem frå ei stor elv, er sjølvsagt viktig. Dertil oppheld Vossolaksen seg lenger i sjøen enn dei fleste andre laksestammer. Men kvifor han gjer
det er det ingen som veit.

Kjelder: Natur Historisk Vegbok, Hordaland. Nord4 bokverksted.


Oglesby 430laksefangst 430

Sportsfiske i Bolstadelva

Frå 1863 kjenner me til den første leigekontrakta med sportsfiskarar. Det året vart det oppretta ei leigekontrakt med ein engelskmann. Namnet er noko i lyden av Viceroy Ochower. Leigetida var 10 år og leigesumen var 130 spd. Årleg. Denne kontrakta vart oppattnya i 1874.
I 1879 vart det oppretta ei kontrakt med ein annan engelskamnn, Mr. Sturdy.
Leiga var 1320 kr. Årleg.
Kor mange år Mr.Sturdy var her veit ein ikkje, men truleg var han her ei årrekkje, etter som han ofte vart nemnd på folkemunne i bygda i ettertid.
Etter Mr. Sturdy kom ein tredje engelskmann, Mr. Edward Bates. Truleg leigde han elva fram til Mr. Carrington fekk leigekontrakt i 1909. Mr. Carrington var den faktiske eigar av eit gards bruk på Bolstad frå 1913 til han døydde i 1927. Han var vel omtykt av bygdefolket. Han gav fri grunn til ungdomshuset, og han gav pengegåver til ungdomslaget. Han skipa vidare til samenkomer for bygdefolket. For elveigarane heldt han årvisse festlege samenkomer.
Mr. Wells, som var her også den tid Mr. Carrington leigde elva, fekk så leige kontrakt etter at Mr. Carrington døydde. Mr. Wells var her frå 1920 til 1939 og frå 1946 til 1950. Han førde journal over alle fiskane han tok den tid han var her, og han landa i alt 848 fiskar i desse åra. Mr. Wells var skulemann av profesjon og var tilsett ved Eton College. Det vart aldri fiska meir enn to stenger i Mr. Carrington og Mr. Wells si tid.

Etter Mr. Wells kom I.B. Fleisher frå Bergen inn som leigetakar. Han var her fram til 1964. I ein av dei åra han var her var det svært mykje fisk i elva. Det vart drive meir intensivt fiske i og med at det vart fiska med fleire stenger, Me har ikkje noko fangstrapport frå den tid, men truleg vart det teke 300 laksar sume år. I.B. Fleisher var her også under andre verdenskrig då han leigde av Horvei og Vassenden. Noko og av Bolstad og Rongen. Seinare leigde Bergen sportsfiskerforening og av Horvei og Vassenden. I 1960-åra leigde Liland hotell Horvei og Vassenden sin del.

I tidligare tider, i alle fall frå 1910 fram til den verste depresjonsbylgja kring 1930, var der fleire frå Bergen som leigde delar av elva. Det kan nemnast namn som Th. Beyer, J.C. Isdahl, Wallendahl, Brun og Blauw.
Frå 1965 kom Oslofirmaet Flyspesialisten ved Odd Haraldsen inn som leigar. For det første av Bolstad og Rongen, seinare av heile elva. Han bygde hus her til innlosjering av sine gjester og leigde ut elva til sportsfiskarar frå alle delar av verda. Det vart då fsike med 6-7 stenger.
Frå og med 1985 vart elva leigd til ein engelskmann, Mr David Hodgkiss. Han hadde ei 5 års kontrakt.

Fangstmengd, fangsmåtar og nytting av fangsten

Ein må vel gå ut fra at fangstmåten i mellomalderen og langt framover var med setjegarn. Kanskje freista dei seg med kasting med garn eller not. Det var vel rimeleg å tru at dei fiska med stong, men det var vel mest etter mindre fisk, dei hadde vel ikkje reiskap til å ta stor laks på den måten.
Under andre verdskrig då elveeigarane i stor munn fiska sjølve vart det prøvd med not, men resultatet var svært dårleg. Dei drog helst opp store steinar. Det vart den tid fiska med stong, men dei hadde vel heller dårleg reiskap, og fangsten vart ikkje stor. Ein annan fangstmetode var med kjær (laksefelle).


Kjelder: Bolstad Boka, frå fjell til fjord