Bolstadøyri

Bolstadøyri er ei gamal stasjonsbygd ved Bergensbanen og ligg ved E 16, stamvegen mellom Oslo og Bergen, 30  km vest for Voss og ca 73 km aust for Bergen. Den tidlegare så kjende lakseelva, Vosso, renn gjennom dalføret som munnar ut i Bolstadfjorden. Bygda har barnehage, barneskule, idrettslag, ungdomshus, og bedehus og eit aktivt lagsliv.
1 Bolstad (2)
Attraksjonar

  • Gamalt gjestgiveri frå 1603 bygd i Louis XVI  stil , då Bolstadøyri var ein viktig handelsstad ved ferdslevegen mellom Voss og Bergen
  • Handelslagsbygget  som opphaveleg var tingstove  med tingstovekjellar
  • Flåtemuseet ved Bolstadfjorden,
  • Badeplass, friområde og fint naustmiljø ved fjorden
  • Stasjonsbygg frå 1883 då Vossebanen vart bygd
  • Den gamle postvegen mellom Bergen og Kristiania (Oslo) med trapper hogd inn i fjellet ovanfor Horvei
  • Klatrevegg i Nåli på Horvei
  • Dragestilshus på  Horvei.
  • Vakker utsikt over dalen frå Rasdalsvegen.
  • Det er  fine turområde i fjella og til dei mange stølane  både sommar og vinter
  • Fiske etter aure og laks i Vosso og fjellvatn

Kringsdalsflokken i oktobersnø

Bolstadhoelen_1500_1000